Julie & Vebjørn gifter seg!

Velkomen til vår bryllaupshelg!

10. -12. JULI 2026

Ein minnerik feiring i lag

Endelig er tida her for at Julie får draumebryllupet ho har drømt om sidan ho var liten, og Vebjørn får bryllupet han har draumt om sidan han møtte Julie.

Vårt største ynskje for bryllupet var å samle alle ein heil helg og ha ein god fest, men ein litt meir “herskapleg” fest enn våre tidligare låvefestar.

Etter å ha reist i heile skandinavia etter eit slott endte valget på Sanner hotell og deira fantastiske ballsal. I tillegg får vi gjort det heilt offisielt på dagen i ærverdige Nikolaikirken.

Vi har fått rabattkode for overnatting på hotellet, og tanken er at alle skal samlast på hotellet heile helga og gjere mykje kjekt i lag.

Til dei som lure: nei, ingen tilknytning til Gran/Hadeland. Det er eit destinasjonsbryllup, men Julie ville ha norsk kyrkje og eit vakkert hotell.

#JulieogVebjørn

Innsjekk

14:00 - 18:00

Sanner Hotell, Gran

Kart

Rabattkode: Julie&Vebjørn

HUGS Å SKRIV DEN INN!

Fredag 10.7

A Summer Soirée

18:00

Hagefest med mat og drikke

Dresskode

Summer Coctail

Rollar i bryllupet!

  • Renate Øye Pollen

    BRUDENS FORLOVAR

    ‍Når du kombinere to ærlige, pratsomme og “Ja”-mennesker i lag får du ein farleg duo. Julie og Renate har mange ulike interesser, men har funne på mykje gøy opp gjennom. Som lærar er ikkje Renate redd for å ta ordet, og kreativiten blomstrar.

  • Mathias Røyseth

    BRUDGOMMENS FORLOVAR

    Dersom du ser Vebjørn på byen, er Mathias rett rundt hjørnet. Frå læringar, samboar til forlovar. Mathias stiller opp, og “tvinger” Vebjørn med på det meste. Ein sosial og spandabel type. Han er også ein stor grunn til at brudeparet møttast.

  • Taline Vinjevoll Årdal

    TOASTMASTER

    Eit kjent fjes for mange, då Julie og Taline har vore vennar sidan barselgruppa. Taline er tidligare journalist og ein showgirl utan like. Ho har stålkontroll på det meste, og er ein organisator av natur.

  • Henrik Engebø Hundershagen

    TOASTMASTER

    Henrik er ein bauta i Spekjelaget. Med sine kreative og organsatoriske ferdigheter, er gutteturane blitt eit stort samtaleemne. Frå han henter vi resturant anbefalingar og kreative innslag.

Vil du holde tale eller ha eit innslag i bryllupet?

Eller vil dele din kreative tanke, ta kontakt med toastmasters!

Taline Vinjevoll Årdal

+47 90645128

Henrik Engebø Hundershagen

+47 46890074

Bryllup

14:00 - 04:00

Sanner Hotell, Gran

Dresskode

Menn

Smoking/Svart dress

Kvinner

Galla i pastell

(Ikkje lov: Rødt, svart, kvitt og bunad. )

Laurdag 11.7

Julie ordner antrekk

25% rabatt til alle våre gjestar på finsko på Eurosko Førde.

20% rabatt på alt frå Oscar Jacobson, Bertoni og Stenstroms.

(For at Marcel skal ha størrelsen din, kan det vere lurt å vere tidlig ute. Om du vil ha eksperthjelp frå Heine, ring han gjere og avtal tid: 94283492.

Den store dagen

Frukost

Frukosten er frå 08.00 til 10:00.

Før vigsle

Før vigsla er tida for å gjere seg klar for ein lang dag. Her står du heilt fritt til å gjere det du vil.

Lasse og Hanne organisere ein roleg joggetur for alle. Oppmøte i lobby kl. 10:00.

Det blir ein liten matbit å få frå kl. 11:30, då servere vi sandwich, frukt og bær i Logian.

Vigsle - 14:00

Vigsla er i Nikolaikirken, den ligger ca. 8 min gangavstand frå hotellet. Den begynner kl. 14:00, så møt opp der i god tid. Det vil vere mobilforbod under vigsla slik at ein ikkje øydelegge fotografbileter. Utanfor kirka blir det bildetaking og såpeboble blåsing.

Migling - 15:00

Etter vigsla er det mottakelse på Sanner Hotell, der kan du få noko godt i glaset og tapas. Medan brudeparet reiser på fotoshoot. Når vi kjem igjen blir det rosebladekasting etterfølgt av fellesbilde.

Middag - 17:00

Her vil det bli fine talar medan vi får servert ein tre-retters middag. Etterfulgt av ein fest med høgt lydnivå og høgt alkoholinntak. Ut i nattetimane blir det nattmat før vi legg oss. Baren stenger kl. 03:00. Lokalet stenger 04:00.

Gåveliste:

Svar om du kan komme

Vi håper du vil feire med oss!